Ungdomsåret 2U16

Møre bispedømeråd har vedtatt å fokusere meir på ungdom i kyrkja gjennom eit ungdomsår i Møre i 2016. Med ungdomsåret ønskjer Møre bispedømerådet og Møre biskop å inspirere kyrkjelydane til å vere meir relevant for ungdom i kyrkjelydens arbeid etter konfirmasjonen.
Ein ønskjer også å gi impuls for samspelet mellom kyrkje og organisasjonane, som står for mykje av det kristne ungdomsarbeidet. Gjennom Ungdomsåret skal det først og fremst bli skapt engasjement på lokalt plan eller i prostia. På bispedømenivå vil ungdomsåret sette sitt preg på fagsamlingar og sentrale arrangement.
Evy Marie Tofte er tilsett som prosjektleiar for ungdomsåret frå 1. sept 2015 - 01. januar 2017.
Planlagde tiltak så langt:
Inspirasjonsteam - 2 team skal reise rundt i Møre våren 2016 og tilbyr ein ettermiddag/kveld med program for ungdom
SKUBB - eit stort ungdomsarrangement for bispedømet 11.-13. november 2016 på Høgtun folkehøgskule i samarbeid med NMS_U, KRIK og andre ungdomsorganisasjonar.
Fagdag konfirmantarbeid - AVLYST: fagdag 5. februar i Ørsta og 10. mars i Kristiansund i samarbeid med KFUK-KFUM er avlyst.
Det blir informert om nye datoar for fagdagar.
Ung Luther - ungdom i kvar kyrkjelyd kjem med minst eit forslag i løpet av 2016 på ein ting dei ønskjer å endre i kyrkja. Til reformasjonsjubileum i 2017 vil vi da ha 95 teser å slå opp på ei (virtuell) kyrkjedør.